Referat

frå årsmøte på Sjonar 25 april 2004

 

Møtet starta kl 2000

Fremmøte: Arne Henry Grottvik, Jostein Milje, Kenneth Lønning, Tor Jostein Kallekodt, Martin Tveit, Anders Riise, Geir Ståle Alne, Rolf M Bakken, Henry Sørensen, Hein Haugeberg, Jarle Husby, Arild Nilsen, Gunnstein Staupe og Trygve Jøsang.

 

Sak 1         Val av ordstyrar og referent

                   Jarle Husby vert vald til møteleiar og Arne Henry Grottvik til skrivar

 

Sak 2         Årsberetning 2003.

                   Møteleiaren fortalde kva som var gjort i 2003 og kva som må førast over til aktivitetsplanen for 2004

 

Sak 3         Rekneskap 2003

                   Rekneskapen for 2003 syner eit overskott på kr 10.288,-. Foreininga har ei eiga på kr. 15550,14. Rekneskapen vert godkjend utan merknader.

 

Sak 4         Kontingent og pris for båtplass

                   Kontingenten vert uendra frå i fjor. Kr 500,- for dei som har båtplass og kr 125,- for medlemer utan båtplass.

 

                   Når det gjeld prisen for båtplassar vert det bestemt at den skulle endrast med konsumprisindeksen. Fyrste gong frå 1. Januar 2005. Prisen som skal indeksregulerast er kr 10.500,- for liten plass (3 mtr) og kr. 14.000,- for stor plass (4 mtr)

 

Sak 5         Aktivitetsplan 2004

                   - juster det ytterste feste for bryggja og montere daudmann mot nord

                   - Laga permanent styring til landgang. Martin Tveit tek ansvaret for dette.

                   - utriggærre må festas betre

                   - Skråplan for båtopptrekk

                   - kontrollere anlegget av godkjend dykkar og fjerne blåskjel

                   - overflate behandla landgang

                   - feste boltar til landfeste

 

Sak 6         Val

                   Leiar:    Jarle Husby vert attvald til leiar for eit år.

                   Styremedlem: Svein Nilsen vert vald for 2 år

                   Kasserar:        Gunnstein Staupe. Attvald for 2 år. Kom inn i styret 2002

                   Varamedlem: Anders Riise

 

                   Revisor: Knut Førland og Randi Kallekodt. Begge på attval


 

Sak 7         Båtplass følgjer eigedommen ved sal

                   Det vert fyrst røysta om Sørenes si fullmakt til møteleiaren vert godkjend. Dette vert einstemmig godkjend

                   Møtelyden stemde då over vedtekstendring i § 10 om båtplassen skal følgje eigedommen ved sal. Dette vert vedteke med 10 røyster for og 5 imot. Ingen røyste blankt.      

 

Sak 8         Utbygging av ei ny bryggje

                   Årsmøte gjev samrøystes styre tillit til å investere i ei ny bryggje innanfor foreininga sin økonomiske rammer

 

                   Følgjande medlemer står på liste for båtplass:

                   1. Inger og Arne Henry Grottvik (4 meter)

                   2. Paul Sørenes (3 meter)

                   3.  Svein Tore Jensen (4 meter)

                   4. Terje Hetland (3 meter)

 

                   Kenneth Lønning ønskjer å bytte frå 3 meter til 4 meter

                   Hein Haugeberg ønskjer å bytte frå 3 meter til 4 meter

 

Sak 9         Bodar ved sjøen

                   Dei som ønskjer bodar gjer styret attendemelding på det. Saken skal handsamast av årsmøte før ein sette opp bodar.

 

Sak 10       Straumuttak

                   Årsmøte gjev samrøystes styre tillit til å investere i straumuttak innanfor foreininga sin økonomiske rammer.

 

Sak 11       Fullmakt til styret å flytte båtplassar

                   Årsmøte gjev samrøystes styre tillit til å flytte båtar ut i frå storleik og belastning på bryggja.

 

Sak 12       Redusert årsavgift (kontingent) for båtplass ved utleige

                   Om ein eigar vel å la styret leige ut båtplassen, får eigaren redusert kontingent om leigeperioden har ein lengd på minst ein sesong.

 

Sak 13       Underskrift av referatet

                   Hein Haugeberg og Henry Sørensen vert vald til å underskriva referatet

 

 

 

____________________________                                                              ______________________________

Hein Haugeberg                                                                         Henry Sørensen

 

 

____________________________

Arne Henry Grottvik

Skrivar