Kundetorg

Dato: 30.03.2008

Vår ref:  

2008/522

 

Saksbehandlar: Grethe Dahl Sætre  Tlf.   52 75 70 05

E-mail-adr.: grethe.saetre@tysver.kommune

Arkiv:  59/6    

Dykkar  ref:

 

Slåttevik båtforening

Att. Jarle Husby

Urnesvegen 6

5565  Tysværvåg

 

 

 

 

Gbnr 59/6 Slåttevik Båtforening v/Jarle Husby Melding om tiltak - klubbhus

 

Klubbhus båtforening totalt 50 m2

Iht reguleringsplan Slåttevik er området avsett til spesialområde ”Småbåthamn” der ein må vurdere dispensasjon frå gjeldande regulering for byggetiltak av denne typen. Ved vedtak i teknisk utval 21.09.2006 vart eit meir privatisert klubbhus ikkje godkjent.  Teikningar som no er innlevert syner felles oppbevaringsrom for fiske/båt-reiskap og felles møterom. Tiltaket vert no vurdert til å vera til bruk for fellesskapet og er meir i tråd med formål i reguleringsplan for Slåttevik. Det vert difor behandla etter § 86 a   i plan- og bygningslova, dvs. at byggjearbeidet kan utførast utan teknisk styre si godkjenning.

 

Tiltakshavar er innforstått med at han er ansvarleg for at dei opplysningar som er gitt er rette, og at tiltaket vert gjennomført i samsvar med føresegner i plan- og bygningslova og i saksbehandlarforskrift kap.II og III.

 

Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for å plassere tiltaket som vist på situasjonskartet.  Dersom tiltaket får ei anna plassering må tiltakshavar gi dei opplysningar som er nødvendige for å få kartverket ajour.

 

Bygningar vert registrert i GAB-registeret.  For å få oppdatert kartverket og GAB-registeret skal tiltakshavar melda frå til kommunen ved oppstart og når tiltaket er ferdig utført, seinast 4 veker etter at arbeidet er ferdig.

 

Vi gjer merksam på kopi av notat frå nabo Astrid Halvorsen når det gjeld parkering på privat brygge som grenser opp mot tiltaket .

 

Tiltaket må setjast i gang innan 3 år

 

 

 

Med helsing

Tysvær kommune - kundetorget

 

 

Grethe Dahl Sætre                                                      

Saksbehandlar